Langs Vikstølvegen til heiegarden Vikstøl

På heia mellom Flatebygd og Gautestad går Vikstølvegen frå Suva sørover til den fråflytta heiegarden Vikstøl. Turen går gjennom noko av det mest idylliske landskapet vi har i bygda vår. Ein sykkel- eller spasertur her ein varm midtsommarkveld er uforgløymeleg. Frå starten ved Suva går Vikstølvegen først forbi Prestøygardsvatnet og Storøygardsvatnet. Det er mange hytter […]

Futevegen – Vegusdal

Futevegen i Vegusdal var ein del av det gamle vegsambandet mellom Evje og Frolands Verk. Han blei bygd som hjulveg på 1840-talet, men var i bruk som ride- og kløvveg lenge før det. I dag er vegen delvis restaurert og merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa som kallast Allmannavegen. Futevegen […]

Langs Lindåna

Heilt sør i Evje og Hornnes renn Lindåna frå Skranevatn til Otra. Det er veldig fint å kombinere ein sykkeltur langs elva med ein innlagt fottur opp til Skranevatn. Lindåna renn bratt ned lia frå Skranevatn. Men nede på flata blir ho til ei stille og idyllisk elv i det trivelege skogslandskapet. Ho renn til […]

Flåtvegen

Langs Flåtvegen mellom Flatebygd og Gautestad kan du gå eller sykle i idyllisk, gamalt støylsområde. På Flåtøygarden er det eldgamle merke etter dyrking. Truleg har staden vore eigen gard i mellomalderen. Så kom Svartedauden og la garden øyde. Seinare blei han støyl for Flåt-garden nede i Flatebygd. Det er ei fin oppleving i seg sjølv […]

Stafossvegen – Årekleppvatnet

Stafossvegen går nordover i heia frå Tveit i Flatebygd til Pottetjønn. Frå enden av vegen går privat traktorveg vidare til det idylliske Årekleppvatnet. Då er du over kommunegrensa til Bygland, og ikkje langt frå Årdalsknapen. Ein sykkeltur på heile eller delar av dette vegstrekket er midt i blinken, med ei fin blanding av trim og […]

Skogsbilvegen Klepp – Bjorå

Skogsbilvegen mellom Klepp og Bjorå i Evje blei bygd sist på 1960-talet. Han går frå Klepp nordover langs austsida av Otra forbi Landsverkkilen til Bjorå. Lengda er rundt 3,85 km. Det er nydeleg å gå tur langs vegen, og med litt velvilje er han også grei å sykle på. Du kan sykle eller køyre til starten på vegen, og gå derfrå, […]

Langs Håtveitåna

Håtveitåna er ei kort, lita elv mellom Kleveland og Lislevatn på heia langs Arendalsvegen.  Ho renn bratt nedover i terrenget frå Vikstølvatnet til Hovlandsåna. Det er ei veldig fin oppleving å vandre på den gamle gardsvegen mellom Håtveit og Vikstøl. Håtveitåna er regulert, og vatnet blir utnytta i det vesle Lislevatn kraftverk som ligg nede […]

Sydalen – Yksenskor

Sydalen er eit sidedalføre til Dåsvannsdalen i Hornnes, i nord-vestre del av Evje og Hornnes kommune. Området ligg i indre del av Dåsvannsdalen, like nord-aust for Dåsvatn. Sydalen er eit spesielt døme på vill natur i Hornnes, og er ein spennande stad å gå på tur. Gjennom Sydalen renn elva Sya. Frå Yksenskor på austsida av […]

Hannåsfjellet

Hannåsfjellet er eit fjell (405 moh.) på vestsida av Otra og Riksveg 9, mellom Moisund og Kjetså, i Evje og Hornnes kommune. Om du tek turen dit, blir du lønna med ein nydeleg utsikt over Moisund og vidare sørover mot Ivelandsbrua, og vestover mot Tønnesland. Fjellet stig bratt opp bak garden til den vidgjetne tømmerbilsjåføren […]

Klevestøknutten – Hornnes

Klevestøknutten er ein ås (529 moh.) mellom Masi og Furustovheia i Hornnes. Det går merka turløype frå Hornnes barneskule til Masi. Derfrå følger du sti mot Furustovhei for å kome til Klevestøknutten. Du kan også starte turen frå parkeringsplassen ved Hornnesheimen, og følge løypa til Masi derfrå. Skrive av Geir Daasvatn Fjellet er ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt Ti toppers-opplegg […]