Høgaste punktet på skogsbilvegen mellom Klepp og Bjorå. Foto: Geir Daasvatn

Skogsbilvegen Klepp – Bjorå

Skogsbilvegen mellom Klepp og Bjorå i Evje blei bygd sist på 1960-talet. Han går frå Klepp nordover langs austsida av Otra forbi Landsverkkilen til Bjorå. Lengda er rundt 3,85 km. Det er nydeleg å gå tur langs vegen, og med litt velvilje er han også grei å sykle på. Du kan sykle eller køyre til starten på vegen, og gå derfrå, eller ta ein lang men flott rundtur på sykkelen.  Kanskje vil du også få med deg ein tur langs Gymsåna, inn til Bjoråøygard, når du først er på desse traktene.

Kart over området

Heile vegen blei i si tid kosta av Otteraaens Brugseierforening som kompensasjon for isvanskar etter regulering av Kilefjorden.

Rundt 1,85 km må nok reknast som traktorveg. På dette strekket, som er opp mot toppen av vegen, altså «midt på», har det også runne vekk mykje grus i uvær gjennom åra. Så her er vegen heller steinute og ikkje så enkel å sykle på. Men mindre du er terrengsyklist i toppklassen! Då me sist testa løypa, leidde me bare sykkelen forbi dei mest humpete partia. Det var ikkje noko problem. Resten av løypa, om lag 1 km i begge endar, er meir enn bra nok å sykle på.

Turen fortset – på betre veg – under biletet!

Om du ikkje er topptrent, og ikkje har solide dekk på sykkelen, rår me til at du hoppar av sykkelen og går på dei vanskelegaste strekka! Foto: Geir Daasvatn

Kort etter starten frå Klepp, om du begynner i den enden, kjem du til den idylliske Landsverkkilen. Straks etter passerer du Gymsåna på bru. I denne elva er det blitt flota umåteleg mykje tømmer ned til Otra gjennom tidene. Flotinga tok slutt då vegen blei bygd.

Vegen stig ganske jamt oppover frå begge kantar mot toppunktet. Der har du nydeleg utsikt over mot Hestvåg i Hornnes.

Korleis kome dit

Du kan sjølvsagt ta bilen, og køyre til startpunktet i begge endar av vegen. På Bjorå må du køyre tett forbi nokre av bustadane før du kjem til staden der skogsbilvegen tek til. Så der er det kanskje like bra å parkere ved starten av Perstevegen, på vestsida av Bjoråna, ved inngangen til skyte- og øvingsfeltet. Så kan du sykle eller gå vidare derfrå. Vil du starte turen sørfrå, køyrer du Rv-9 til Hannås. Ta fylkesvegen austover mot Vegusdal. Du passerer Stemhei bustadfelt og kjem deretter til brua over Otra. Rett over på andre sida der tek skogsbilvegen til. Det er ein liten stikkveg på motsatt side av vegen, der du kan parkere bilen. Så er det bare å legge i veg!

Turen fortset under biletet

Ein stille veg i skogen, fuglane som syng i trea, våren i kominga, Otra som renn stille forbi under deg, kanskje verdas beste kjærast ved di side, kan det bli betre? Foto: Geir Daasvatn

Mange fine alternativ

I staden for å bruke bilen for å kome fram til starten på turen, høver dette vel så bra som ein lang sykkeltur. Om du er så heldig å ha ein god kjærast eller ektemake, kan de ha ein nydeleg, romantisk søndagstur saman her. Om du er idrettsutøvar i toppklasse, er det ein skikkeleg bra treningstur. Kanskje saman med ein kompis?

Om du bur på Evje, kan du sykle mange ulike vegar gjennom feltet ut til Bjorå. Derfrå følger du bare skogsbilvegen sørover til Klepp. Du tek vestover til Rv-9. Du kjem deg over på grusvegen på andre sida, og vips så er du inne på den gamle jernbanelinja som du nå kan følge i fleire kilometer nordover til Breiflå sør for Mineralsenteret. Vegen vidare heim veit du best sjølv. Men ved å sykle over den gamle jernbanebrua og over Evjemoen tilbake til Evje er du mest ute av biltrafikken.

Om du bur på Hornnes, eller Moisund, kan du sykle løypa motsatt veg. Altså starte frå Klepp. Men alt dette finn du sjølvsagt best ut på eiga hand.

Om du er turist eller besøkande i bygda, kan det kanskje vere greiast å parkere ved starten av vegen ved Klepp, og ta ein spasertur opp til toppunktet på løypa der du ser Hestvåg. Så kan du snu om du ikkje vil gå så veldig langt, eller gå heilt til Bjorå og tilbake hvis du er i toppform! Då er det tale om ein tur på opp mot 8 km.

God tur!

Fleire bilete kjem

 

Del "Skogsbilvegen Klepp – Bjorå"