Jernbanebruene på Moisund

Unn deg ein nydeleg sykkeltur hit!

Setesdalsbanen kom fram til Moi i Hornnes i 1895, måtte det byggast to små bruer over Storebekk ved Moikilen og Hannåsbekken ved Hannåskilen.

Dei vakre steinkvelvbruene er lite synlege i dag. Dei er delvis innebygde i bruene på Riksveg 9, og ikkje merka med skilt el. Med unnatak for dei «innfødte», susar nok dei fleste av oss bare forbi på Rv-9 utan å ense dei historiske kulturminna vi fér over. For min eigen del kikka eg nærare på bruene først i 2019, 44 år etter at eg kom til bygda. 

Lokalhistorikaren Reidar Tveito på Byglandsfjord har skrive fint om bruene i boka si «Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen«.

Korleis kome dit

Hannåsbekken med Hannås jernbanebru på Moisund 11. mars 2019. Foto: Geir Daasvatn

Brua på bildet t.v. går over Hannåsbekken. Når våren kjem, skulle du ta deg ein sykkeltur til Moisund. Ved å følge «Sykkelrute nr. 3» (merka med skilt), kan du størstedelen av turen sykle utanfor Rv-9. Startar du frå Evje, kan du sykle forbi den gamle militærleiren på Evjemoen og kome over den nydelege Hornnes jernbanebru frå Setesdalsbanen si tid.

Vidare sørover frå Hornnes kjem du forbi Mineralparken. Etter den går sykkelruta eit kort stykke over fyllinga på Rv-9 over Voilan. Straks du er over fyllinga, svingar du til venstre og inn på den gamle jernbanelinja. I idyllisk ro kan du nå sykle fleire kilometer sørover, heilt aleine, medan tankane bare kan flyge fritt. Du kjem forbi Go-kart-banen, kryssar etterkvart Rv-9 over på vestsida, og har bare nokre hundre meter att på fin grusveg før du er på Hannåsmoen.

Ved Hannåsmoen går det fylkesveg vestover mot Abusland og Abusdal. 50-100 meter sør for krysset finn du dette vakre byggverket 💝 

Moi jernbanebru innebygd i brua på Rv-9 over Storebekk på Moisund. Foto: Geir Daasvatn

Brua ved Moikilen ligg bare rundt 400 meter vidare sørover langs riksvegen.

Om du vil ha ein lengre tur på tilbakevegen, kan du følge fylkesvegen vestover til Hannåsfeltet. Etter å ha sykla over Hannåsfeltet, eit svært nydyrkingsprosjekt i si tid, kjem du ut på Fylkesveg 42 (Sveindalsvegen). Du følger han tilbake til Kjetså og Hornnes, og sykkelrute nr. 3 derfrå tilbake same veg som du kom. Om du også her vil ha variasjon, kan du i staden sykle om Hornnes kyrkje, Dåsnes, Fennefoss og over Otra på Birkelandsbrua.

Dette her er rett og slett ein av dei finaste søndagsturane du kan tenke deg, og spesielt om du har god tid og er i lag med kjærasten. God tur!

 

Hei. Lurer du på noe?

Send
ei melding, så hører du fra oss!