Futevegen – Vegusdal

Futevegen i Vegusdal var ein del av det gamle vegsambandet mellom Evje og Frolands Verk. Han blei bygd som hjulveg på 1840-talet, men var i bruk som ride- og kløvveg lenge før det. I dag er vegen delvis restaurert og merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa som kallast Allmannavegen. Futevegen […]

Langs Lindåna

Heilt sør i Evje og Hornnes renn Lindåna frå Skranevatn til Otra. Det er veldig fint å kombinere ein sykkeltur langs elva med ein innlagt fottur opp til Skranevatn. Lindåna renn bratt ned lia frå Skranevatn. Men nede på flata blir ho til ei stille og idyllisk elv i det trivelege skogslandskapet. Ho renn til […]

Flåtvegen

Langs Flåtvegen mellom Flatebygd og Gautestad kan du gå eller sykle i idyllisk, gamalt støylsområde. På Flåtøygarden er det eldgamle merke etter dyrking. Truleg har staden vore eigen gard i mellomalderen. Så kom Svartedauden og la garden øyde. Seinare blei han støyl for Flåt-garden nede i Flatebygd. Det er ei fin oppleving i seg sjølv […]

Juvvannsvegen – Skranevatn

På heia på veg mot Abusland i Hornnes kan du ta ein fin sykkeltur på Juvvannsvegen til idylliske Skranevatn. Langs vegen ligg den vakkert restaurerte Vetterhussaga. Om du heller vil gå, er ikkje turen lenger enn at det er minst like gøy! Juvvannsvegen er køyrbar. Men han må likevel kallast ein traktorveg, og her er […]

Stafossvegen – Årekleppvatnet

Stafossvegen går nordover i heia frå Tveit i Flatebygd til Pottetjønn. Frå enden av vegen går privat traktorveg vidare til det idylliske Årekleppvatnet. Då er du over kommunegrensa til Bygland, og ikkje langt frå Årdalsknapen. Ein sykkeltur på heile eller delar av dette vegstrekket er midt i blinken, med ei fin blanding av trim og […]

Skogsbilvegen Klepp – Bjorå

Skogsbilvegen mellom Klepp og Bjorå i Evje blei bygd sist på 1960-talet. Han går frå Klepp nordover langs austsida av Otra forbi Landsverkkilen til Bjorå. Lengda er rundt 3,85 km. Det er nydeleg å gå tur langs vegen, og med litt velvilje er han også grei å sykle på. Du kan sykle eller køyre til starten på vegen, og gå derfrå, […]

Langs Håtveitåna

Håtveitåna er ei kort, lita elv mellom Kleveland og Lislevatn på heia langs Arendalsvegen.  Ho renn bratt nedover i terrenget frå Vikstølvatnet til Hovlandsåna. Det er ei veldig fin oppleving å vandre på den gamle gardsvegen mellom Håtveit og Vikstøl. Håtveitåna er regulert, og vatnet blir utnytta i det vesle Lislevatn kraftverk som ligg nede […]

Klepp – Gymsåna

Frå Klepp heilt sør i Evje går det fin skogsbilveg fleire kilometer innover i heia langs Gymsåna. Her er gamle fløytingsmurar, ein øydegard som kanskje var busett i mellomalderen og eit idyllisk fossefall du kan sjå. Men først og framst er det ein fin sykkeltur i frisk luft, og kanskje i eit område du ikkje […]

Sydalen – Yksenskor

Sydalen er eit sidedalføre til Dåsvannsdalen i Hornnes, i nord-vestre del av Evje og Hornnes kommune. Området ligg i indre del av Dåsvannsdalen, like nord-aust for Dåsvatn. Sydalen er eit spesielt døme på vill natur i Hornnes, og er ein spennande stad å gå på tur. Gjennom Sydalen renn elva Sya. Frå Yksenskor på austsida av […]

Hannåsfjellet

Hannåsfjellet er eit fjell (405 moh.) på vestsida av Otra og Riksveg 9, mellom Moisund og Kjetså, i Evje og Hornnes kommune. Om du tek turen dit, blir du lønna med ein nydeleg utsikt over Moisund og vidare sørover mot Ivelandsbrua, og vestover mot Tønnesland. Fjellet stig bratt opp bak garden til den vidgjetne tømmerbilsjåføren […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.