Kvålen – Flatebygd
Kvålen er ein liten ås mellom Tveit, Flåt og Flåt nikkelgruve i Flatebygd. Skogen i området blei hogd ned for ei tid sidan, og toppen av åsen er nå eit fint utsiktspunkt i alle retningar. Toppen er eitt av turmåla i Otra IL ski sitt 10-Toppers-opplegg for 2022. Skrive av Geir Daasvatn Turen opp til […]
Årdalsvegen – Bygland
Årdalsvegen er ein privat skogsbilveg – ein god grusveg – som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Tovdalselva i Årdalen. Skrive av Geir Daasvatn Årdalsvegen går gjennom eit naturskjønt heieområde. Ved enden av vegen er du altså inne i Årdalen, eit freda naturreservat som strekker seg sørover heilt til Rjukanfossen i […]
Gloppefossen – Valle
Gloppefossen innerst i det enorme Veiåjuvet er truleg den høgaste fossen i Setesdal, med eit samla fall på rundt 280 meter. Skrive av Geir Daasvatn Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle. Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekker seg frå Otra nord for Lunden ca to km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen. […]
Fjellestad – Tveit skiløyper
I området Fjellestad – Tveit i Hornnes, nærmere bestemt i traktene rundt Abusdalsknuten, er det flotte oppkjørte skiløyper. Det er alt i alt rundt 20 km med oppkjørte løyper i anlegget. Det er to hovedløyper på 8–9 km hver, samt tilførselsveier. Området ligger 400–500 meter over havet, og er normalt veldig snøsikkert. Grunneigerene i området […]
Rysstad Turpark
Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stigen fortset nordover, til du kjem ut på ein skogsveg. Her […]
«Postvegen» Tveit – Vegusdal
Mellom Tveit og Vegusdal i Hovlandsdalen, på sørsida av Hovlandsåna, kan du eit par kilometers veg følge den gamle «Postvegen», ein kjerreveg frå 1840-talet. Det er ein fin, lettgått spasertur i idyllisk skogsterreng. I følge Kulturminnesøk.no er vegen ein gamal rideveg (sledeveg), som så blei bygd om til kjerreveg i 1840. Han var ein del […]
Den kvite sanden
Den kvite sanden er ei nydeleg sandstrand i det nord-vestre hjørnet av Kosvatn i Hornnes. Stranda kan vere eit fint mål for ein badetur om sommaren, ein kanotur, eller kanskje som ein kombinasjon med ein tur til toppen av den nærliggande Hisdalsheii. Skrive av Geir Daasvatn Korleis kjem du dit Ved vestre enden av Bjørndalsvatnet, […]
Kvålsnapen – Bygland
Kvålsnapen i Bygland er det bratte og litt blankskurte fjellet som stig opp bak Haugå- og Kvåle-gardane, rett nord for Bygland sentrum. Fjellet er eit populært turmål for byglendingane. Fos oss andre som ikkje er like godt kjent, er toppen ein fin stad for å få eit overblikk og bli litt kjent med Byglandsbygda. Når […]
Rjukanfossen – Tovdal
Rjukanfossen er den største fossen i Tovdalselva. Fallhøgda er 45 meter. Han ligg ca 3 kilometer nord for Dale i Tovdal i Åmli, heilt sør i Årdalen naturreservat. Skrive av Geir Daasvatn Tovdalselva er ikkje regulert, og fossen har som oftast ei stor vassføring. Han er ei mektig oppleving! Vidare nordover ligg Årdalen naturreservat, som strekker seg inn i Bygland […]
Store Våkås
Store Våkås er ein liten ås på veg mot Hannåsfeltet i Hornnes. Åsen er kort og lett å gå til. Løypa er ypparleg for ein kveldstur med hunden, eller om du vil ha eit overblikk over den gamle militærleiren på Hannåsfeltet. Traktene rundt Store Våkås er også eit populært område for bærplukkarane. Skrive av Geir […]