Sosteli – Åseral

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral. I Sosteli finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanske det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag. Gardsanlegget består […]

Minne kultursenter – Åseral

Minne kultursenter ligg i Kyrkjebygd i Åseral. Det er bare ein køyretur på 45 minutt frå Evje. Her kan du lære meir om den rike kulturhistoria til dei gode naboane våre. Her er Turistinformasjonen, lokalhistorie i form av utstillingar og dokumentarfilmar, kunstutstillingar, folkebibliotek, gåvebutikk og ein liten kafé. Gjennom året er det faste og skiftande […]

Røysland gravfelt – Straume

Røysland gravfelt ligg på Røysland heilt sør på Straume i Hylestad i Valle. Feltet ligg langs Birkelandsvegen, rett sør for Åraksøyne. Det er registrert minst 19 røyser i feltet. Det er både langrøyser og rundrøyser. Dei er bygde opp av stein. Nokre av røysene er rydningsrøyser. Røysene ligg rundt ei hustuft. Busettinga i gardsanlegget er ikkje nøyaktig datert, men feltet er frå […]

Fennefoss rundt

Enten du er gjest i bygda eller innfødt, er en sykkeltur rundt Fennefoss både fin trim og en spennende opplevelse. Ja, du må selvfølgelig gjerne ta foten til fots også! Det er ei rundløype vi her beskriver, så du kan starte turen hvor som helst. Men om vi tar utgangspunkt i Odden Camping, der du […]

Rygnestad og Flateland

Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Frå før (2009) inngår området i satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket». Anten du er interessert i historie, kulturminne, kulturlandskap eller «bare» synest ei god, gammaldags blomstereng er det finaste som finst, vil eit besøk her […]

Gamlevegen på Øvre Øydna

På Øvre Øydna ved Byremo i Grindheim er eit lite stykke av gamlevegen frå 1830-talet framleis godt synleg i terrenget. Skrive av Geir Daasvatn Det er ein del av den første køyrevegen – kjerrevegen – gjennom Audnedalen du kan oppleve her. Vegstykket blei bygd ein eller annan gong i tidsrommet 1830–1839. Vegen var i bruk […]

Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Iveland og Vegusdal bygdemuseum ligg litt inne i skogen, på garden Fjermedal, like nord for Vatnestrøm i Iveland. Det er eit friluftsmuseum med tradisjonelle bygningar frå Iveland og Vegusdal. Her kan ein sjå bustadhus, stolpehus, eldhus, løe, stall og kvernhus. Den eldste delen av Engeslandshuset er frå 1600-talet. Opprinneleg var museet eit privat gardsmuseum som Aslak Fjermedal etablerte på garden sin. […]

Haugenloftet – Bygland

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i […]

Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen. Skrive av Geir Daasvatn Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen. I ein rapport om tyske forsvarsverk i Bykle kommune heiter det: – […]

Postvegen Uppstad – Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Skrive av Geir Daasvatn Postvegen var køyrande med […]