Rysstad Turpark

Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stigen fortset nordover, til du kjem ut på ein skogsveg. Her […]

Postvegen Uppstad – Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Skrive av Geir Daasvatn Postvegen var køyrande med […]

Byklestigen

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle, om lag fem kilometer sør for Bykle kyrkebygd. I dag går Riksveg 9 i tunnel på denne staden. Byklestigen er  i staden eit interessant kulturminne å besøke, og ei kort, men veldig spennande turløype å gå. Skrive av Geir Daasvatn Byklestigen […]

«Postvegen» Tveit – Vegusdal

Mellom Tveit og Vegusdal i Hovlandsdalen, på sørsida av Hovlandsåna, kan du eit par kilometers veg følge den gamle «Postvegen», ein kjerreveg frå 1840-talet. Det er ein fin, lettgått spasertur i idyllisk skogsterreng. I følge Kulturminnesøk.no er vegen ein gamal rideveg (sledeveg), som så blei bygd om til kjerreveg i 1840. Han var ein del […]

Birkelandsfossen

Birkelandsfossen er ein foss i Otra, rett nord for Evje sentrum. Fallhøgda er 7 meter. Skrive av Geir Daasvatn Ved fossen er det restar etter svære fløtingsmurar og ruinar etter sagbruk. Ved stor vassføring er fossen eit mektig syn. Han er ein fin plass for å ta med ei plate med melkesjokolade og ein termos kaffi eller kakao, og […]

Den kvite sanden

Den kvite sanden er ei nydeleg sandstrand i det nord-vestre hjørnet av Kosvatn i Hornnes. Stranda kan vere eit fint mål for ein badetur om sommaren, ein kanotur, eller kanskje som ein kombinasjon med ein tur til toppen av den nærliggande Hisdalsheii. Skrive av Geir Daasvatn Korleis kjem du dit Ved vestre enden av Bjørndalsvatnet, […]

«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes. Han ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere […]

Knipane gruver – Iveland

Knipane gruver er fleire gruver som ligg temmeleg samla ved Knipane på heia om lag to kilometer sør-aust for Håvarstad nord i Iveland. Skrevet av Geir Daasvatn I gruveområdet er det fleire skjerp. Det er Granatgruva, Gruvene ved myra, Gruva på toppen, Thortveitittgruva, Storsynken og Kongsberggruva. Dei to største er Storsynken og Kongsberggruva. Nokre av gruvene […]

Myrstålmyrbua – Lauvland

Myrstålmyrbua er ei gamal, lafta bu som står på Myrstålmyra på heia på garden Lauvland sin grunn, sør i Evje. Skrive av Geir Daasvatn Seinare utanriks- og statsminister Jørgen Løvland var som dei andre gutane på Lauvland hjuring i oppveksten. På ein vegg i bua, noko til høgre for inngangsdøra, har han skore inn det som blei eit motto i livet: «Les […]

Flåt nikkelgruve

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også, så gruveområdet er ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie. Flåt-gruva var først ei koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, […]