Kvålsnapen – Bygland

Kvålsnapen i Bygland er det bratte og litt blankskurte fjellet som stig opp bak Haugå- og Kvåle-gardane, rett nord for Bygland sentrum. Fjellet er eit populært turmål for byglendingane. Fos oss andre som ikkje er like godt kjent, er toppen ein fin stad for å få eit overblikk og bli litt kjent med Byglandsbygda. Når […]

Rjukanfossen – Tovdal

Rjukanfossen er den største fossen i Tovdalselva. Fallhøgda er 45 meter. Han ligg ca 3 kilometer nord for Dale i Tovdal i Åmli, heilt sør i Årdalen naturreservat. Skrive av Geir Daasvatn Tovdalselva er ikkje regulert, og fossen har som oftast ei stor vassføring. Han er ei mektig oppleving! Vidare nordover ligg Årdalen naturreservat, som strekker seg inn i Bygland […]

Store Våkås

Store Våkås er ein liten ås på veg mot Hannåsfeltet i Hornnes. Åsen er kort og lett å gå til. Løypa er ypparleg for ein kveldstur med hunden, eller om du vil ha eit overblikk over den gamle militærleiren på Hannåsfeltet. Traktene rundt Store Våkås er også eit populært område for bærplukkarane. Skrive av Geir […]

Skaret – Rosselandseika

Ein nydeleg tur nær Evje sentrum kan gå frå Evje stadion gjennom skyte- og øvingsfeltet til Rosselandseika og ruinane etter den for lengst fråflytta Skaret-garden oppe i skogen på Rosseland. Skrive av Geir Daasvatn Å gå eller sykle gjennom feltet har me skrive mykje om i ein annan artikkel. Så det tek me ikkje oppatt […]

Hornåsen – Urdalen

Hornåsen er eit fint utsiktspunkt. Vi har ein eigen turartikkel om det. Men du kan også gå ein veldig fin rundtur i dette området, og mellom anna kome gjennom den mystiske Urdalen. Skrive av Geir Daasvatn Urdalen Urdalen er ein liten, men særmerkt glasial elvedal i Hornåsen. Han går i retning aust-vest i ei lengde på om […]

Hornåsen

Hornåsen ligg bare nokre få minutt oppover i skogen frå dei nyaste husa i Hornåsen bustadfelt. Så det er ikkje nettopp ein langtur å gå dit. Men åsen er eit nydeleg utsiktspunkt! Frå toppen av Hornåsen ser du vidt utover Breiflå, mot Evjemoen, til Hornnes kyrkje, og nord-austover mot Evje og i det fjerne Flatebygd […]

Postvegen Håland – Kleveland

Postvegen i Evje var den første køyrevegen (kjerrevegen) mellom Evje og Vegusdal. Han avløyste Futevegen som «hovudveg» austover mot Nedenes og Arendal. Vegen blei bygd rundt 1840. Vegen tok til frå tunet i Evje prestegard. Vidare gjekk han om Oddestemmen til Odde. Frå tunet på Odde gjekk han opp Fotsporkleiva, ovafor tuna i Haugen og fram til Bjorvatn der Fylkesveg 42 går i dag. Denne delen av vegen […]

Bygdeborga på Urdalsfjell

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Skrive av Geir Daasvatn Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen: På Kleveknuten på Hannås, på Horgeknipen på Senum, på Kallshovet på Kallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå […]

Bjørnåsen – Evje

Bjørnåsen er eit lite, men lett kjenneleg fjell (442 moh.) på austsida av Otra rett nord for Evje-garden og Evje kyrkje. Frå eit utkikkspunkt litt nedanfor toppen ser du sørover forbi Evje sentrum og langt ned i Hornnes. Nordover kan du sjå til Volefoss og Moseid. Du kan ta ein verkeleg flott rundtur her, eller […]

Kjuklingheia – Høgås

Kjuklingheia er ein ås mellom søre enden av Lisle Stangevatn og Store Stangevatn, på heia rett aust for Høgås skianlegg mellom Flatebygd og Gautestad i Evje. Det er merka sommarløype til toppen frå Høgås skianlegg. Det er også merka vinterløype frå postkasse i skiløypa Kjuklingheia rundt. Kjuklinghei er ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt Ti toppers-opplegg i 2020. Ein tur til Kjuklingheia er ikkje ein tøff treningstur, men […]