Langs Lindåna

Heilt sør i Evje og Hornnes renn Lindåna frå Skranevatn til Otra. Det er veldig fint å kombinere ein sykkeltur langs elva med ein innlagt fottur opp til Skranevatn. Lindåna renn bratt ned lia frå Skranevatn. Men nede på flata blir ho til ei stille og idyllisk elv i det trivelege skogslandskapet. Ho renn til […]

Flåtvegen

Langs Flåtvegen mellom Flatebygd og Gautestad kan du gå eller sykle i idyllisk, gamalt støylsområde. På Flåtøygarden er det eldgamle merke etter dyrking. Truleg har staden vore eigen gard i mellomalderen. Så kom Svartedauden og la garden øyde. Seinare blei han støyl for Flåt-garden nede i Flatebygd. Det er ei fin oppleving i seg sjølv […]

Juvvannsvegen – Skranevatn

På heia på veg mot Abusland i Hornnes kan du ta ein fin sykkeltur på Juvvannsvegen til idylliske Skranevatn. Langs vegen ligg den vakkert restaurerte Vetterhussaga. Om du heller vil gå, er ikkje turen lenger enn at det er minst like gøy! Juvvannsvegen er køyrbar. Men han må likevel kallast ein traktorveg, og her er […]

Stafossvegen – Årekleppvatnet

Stafossvegen går nordover i heia frå Tveit i Flatebygd til Pottetjønn. Frå enden av vegen går privat traktorveg vidare til det idylliske Årekleppvatnet. Då er du over kommunegrensa til Bygland, og ikkje langt frå Årdalsknapen. Ein sykkeltur på heile eller delar av dette vegstrekket er midt i blinken, med ei fin blanding av trim og […]

Skogsbilvegen Klepp – Bjorå

Skogsbilvegen mellom Klepp og Bjorå i Evje blei bygd sist på 1960-talet. Han går frå Klepp nordover langs austsida av Otra forbi Landsverkkilen til Bjorå. Lengda er rundt 3,85 km. Det er nydeleg å gå tur langs vegen, og med litt velvilje er han også grei å sykle på. Du kan sykle eller køyre til starten på vegen, og gå derfrå, […]

Klepp – Gymsåna

Frå Klepp heilt sør i Evje går det fin skogsbilveg fleire kilometer innover i heia langs Gymsåna. Her er gamle fløytingsmurar, ein øydegard som kanskje var busett i mellomalderen og eit idyllisk fossefall du kan sjå. Men først og framst er det ein fin sykkeltur i frisk luft, og kanskje i eit område du ikkje […]

Matkronvegen – Bjørndalen

Matkronvegen tek til frå Fv-42 ved Bjørndalsvatnet, på heia heilt vest i Hornnes. Frå parkeringsplassen ved vatnet kan du sykle nordover rundt 10 km på fin grusveg, forbi gamle gardsbruk og gjennom idyllisk heielandskap langs Gunnarsåna, heilt til Nedre Øyvatn. Litt historie Første stykket av vegen, frå Bjørndal til Gåseflå, stod ferdig 3. oktober 1959. […]

Myglefossen – Kosåna

Myglefossen er ein foss i Kosåna, mellom Øyvatnet og Myglevatn, på Abusland på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes.  Du kan lett kome til Myglefossen, og få ei stor turoppleving, ved å ta ein kombinert sykkel- og gåtur i dette fine heieområdet. Kart over området Det er funne minst tre steinalderlokalitetar/buplassar ved Myglevatn, og mange fleire lenger nordover […]

Evjemoen rundt

Evjemoen rundt er en kjempefin sykkeltur på idylliske grusveger. Om du er meir lysten på å bruke beina, er området like fint for en gå- eller joggetur. Skrevet av Geir Daasvatn Evjemoen skyte- og øvingsfelt er militært område, men åpent for allmenn ferdsel til fots, på sykkel eller med rullestol. De gangene det er øvelser […]

Volefossen

Volefossen er ein foss i Otra i Evje og Hornnes kommune, litt sør for Syrtveitsfossen. Fallhøgda er ca 3 meter. Volefossen er ein vakker foss når det er litt vatn i elva. Staden er mykje kjent og besøkt av fotografar fordi fiskeørna har reir på ei lita øy midt i fossen. Kulturminne I eldre tider blei tømmeret frå heile Setesdal […]