Skollhaugan gravfelt – Skreros
Skollhaugan gravfelt er ein gravplass frå eldre jernalder, frå 400-talet e.Kr., på garden Skreros i Vegusdal i Birkenes kommune. Skrive av Geir Daasvatn Det er funne 12 gravhaugar. Dei ligg på ei slette nede på flata ved Skrerosåna, eit område som tidlegare var ei øy der elva renn ut i Ogge. Gravfeltet blei «gjenoppdaga» i 1912 under uttak av grus i området. I […]
Rygnestad turløype
Det går ein merka turstig frå Rygnestadtunet gjennom nydeleg kulturlandskap og mystisk skogsterreng. Det er ein kort og lett tur på bare 2,5 km/30 min. Men for ei oppleving! Du kjem mellom anna forbi det tidlegare småbruket Åreholti, der alle bygningane står i ei rekke. Det er ikkje mange slike «tun» igjen i Setesdal i […]
Rygnestad og Flateland
Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Frå før (2009) inngår området i satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket». Anten du er interessert i historie, kulturminne, kulturlandskap eller «bare» synest ei god, gammaldags blomstereng er det finaste som finst, vil eit besøk her […]
Gamlevegen på Øvre Øydna
På Øvre Øydna ved Byremo i Grindheim er eit lite stykke av gamlevegen frå 1830-talet framleis godt synleg i terrenget. Skrive av Geir Daasvatn Det er ein del av den første køyrevegen – kjerrevegen – gjennom Audnedalen du kan oppleve her. Vegstykket blei bygd ein eller annan gong i tidsrommet 1830–1839. Vegen var i bruk […]
Loftet på Nomeland, Der oppe
Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad. Det ligg rett ved Riksveg 9, og er lett å sjå når du er forbi der. Skrive av Geir Daasvatn Ut frå lafteteknikken som er brukt i underhøgda (findalslaft), kan ein med stor grad av sikkerheit seie at loftet, i […]
Lislestog – Bykle
Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg […]
Haugenloftet – Bygland
Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i […]
Reiårsfossen gamle bru
Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen. Byggeåret er uvisst. Brua ligg rett attmed ei nyare platebru på […]
Kjetsåbrua – Hornnes
Under dagens moderne betongbru over Kjetsåna skjuler det seg eit vakkert kulturminne. Kjetsåbrua er altså ei steinkvelvbru på Fylkesveg 42 over Kjetsåna på Kjetså i Hornnes. Brua blei bygd i 1933, og utvida og forsterka med betong i 1969. Fram til «kompensasjonsvegen» for nedlegginga av Setesdalsbanen kom gjennom Hornnes på andre halvdel av 1960-talet, var Kjetså bru ein del av hovudvegen […]
Rysstad Turpark
Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stigen fortset nordover, til du kjem ut på ein skogsveg. Her […]